Suldal og Mo Laksegard ynskjer deg og dine velkomne til laksesafari.

Iført tørrdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt med straumen i Suldalslågen.

I sommar arrangerer me laksesafari onsdagar og laurdagar kl.13.00 (frå 15. juni).

 

Me tar forbehold om at det enkelte dagar kan komme andre arrangement i vegen.

Mo Laksegard 5
Media galleri 36

Iført tørrdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt med straumen i Suldalslågen. Nokre stader så grunt at det følest som ein må knipe inn magen for ikkje å skrape mot dei flate steinane på elvebotnen, andre stader passerer du hølar meir enn 12 m djupe. Dette er eit natureventyr av ei anna verd. Ein laks piler forbi, ein anna står og stangar mot straumen. Vegetasjonen under vatn skifter mellom grøne vassplanter, fin sand og lyse, glatte steinar. Ein guide flyt med gruppa i vatnet, ein guide føl gruppa i kano. 

Min: 6 personar
Max: 30 personar
Pris: kr. 950,- pr. person
Varighet: 2 1/2 time

Utstyr og krav til deltaking
Du må vera minst 14 år, symjedyktig og ikkje ha epelipsi, eller andre sjukdomar som framkallast av kulde eller stress.Ta på innerst varmt godt undertøy. Resten av kleda som tørrdrakt, sko og dykkarmaske får du av oss. Ein guide føl deltakarane i vatnet, og ein i kano. Tryggleiken står i fokus. Etter gjennomgang av sikkerhet får deltakerane prøva å flyta i symjebassenget før ein legg seg uti elva. Med dette så vil ein uansett flyte i overflata utan å søkkje.

Media galleri 30

Liker du dette?

Del det med dine venner!