Laksesafari©
Iført overlevingsdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt ned gjennom stryka i den kraftige elva Suldalslågen. Nokre stader så grunt at det følast som ein må knipe inn magen for ikkje å skrape mot dei flate steinane på elvebotnen, andre stader passerer du hølar meir enn 12 m djupe. Dette er eit natureventyr av ei anna verd. Ein laks piler forbi, ein anna står og stangar mot straumen. Vegetasjonen under vatn skifter mellom grøne vassplanter, fin sand og lyse, glatte steinar.